hits

Ut på tur

Historia til norsk industri og vasskraft. Kva med framtida?

Dei siste dagane har eg farta rundt i nokre av Noreg sine vakre strøk. Saman med Grøn Ungdom Rogaland sin eminente Lage Nøst og ein drøss ungdomspolitikarar frå ymse parti. Statkraft, Energi Norge og Natur og Ungdom hadde sydd saman eit solid program, og tok oss med på ei ferd inn i norsk industri- og vasskrafthistorie. 

Med tog, buss og båt fann vi vegen frå Oslo til Bergen, via Hardanger. 

Fyrste stopp på vegen var Sysendammen. Eg har sett demninga på køyretur frå Bergen til Oslo nokre gongar, men aldri sett den svære dammen før. 




Pittesmå ungdomspolitikarar, gigantisk dam. 

 

Etter ein kjapp, turistliknande, tur ut av  bussen drog vi vidare. No gjekk turen til Sima kraftverk. Her vert den enorme krafta vatnet får i høg fart ned, gjort om til straum som held til å forsyna heile 300 000 husstandar. Det blant anna herifrå dei såkalla monstermastane tek energien over vidda, heilt til Samnanger. Vi fekk ei innføring i konflikta mellom statnett og lokalbefolkninga. Kva som gjekk galt og korleis det kunne ha vore gjort betre. Eg lærte mykje, det vonar eg at Statnett óg har gjort. 
 

 


Monster eller mast?
 


På omvisning på Sima kraftverk fekk Lage på seg hjelm. Det likte han. 
 

Igjen kom vi ombord i bussen, og etter å ha lagt bak oss lange strekningar på smale veger kom vi endeleg fram til hovudmålet: Nemleg TYSSEFALDENE I TYSSEDAL - presentert som "Industribygd og kraftperle". For ei historie denne industribygda av ei kraftperle har! Året er 1906. Sjå for deg at fossen vert lagt i rør, ein fabrikk kjem opp og plutseleg eksploderer bygda nesten av arbeidskraft. Folk straumar til. 
 


Kjekt med fin natur og flotte bygg. Eg likar. 

Etter historiefortelling, snakka vi mykje om framtida. Sett frå ei side er det naudsynt at industrien, i nærleiken av vasskraftverket i Tyssedal, får utvikla meir miljøvenleg kraft i sin produksjon. Sett frå den andre kanten kan Statkraft leggje kablar frå Noreg til Europa. På den måten kan tyskararne få energi frå vasskrafta vår når vi har overskot, og sola ikkje skin der. Dei dagane vi har lite vatn i dammane våre, kan vi få overskotet frå tysk solenergi opp her til oss. Det beste hadde vel vore om vi kunne få til begge delar, og nokre var positive nok til å tru på at det kan gå an. Det var fint å høyre. 

Konklusjonen må bli at vasskraft er ein del av løysninga. Men det er klart at fokuset på utbygging av meir fornybar energi (vatnet går jo i eit evig krinslaup, og tek ikkje slutt) må gå hand i hand med tanke på energieffektivisering og lågare forbruk. Sistnemde vil i alle høve vere det mest miljøvenlege. Altså: Meir vasskraft må erstatte bruk av energikjelder som ikkje kan vare for evig, og tek drepen på klima, ikkje auke bruken vår av energi. 

Etter fleire diskusjonar, foredrag om klima og gode måltid drog vi med båt til Bergen. Full av ny lærdom og grådig mette. Takk til Statkraft for ein flott tur, eg tek gjerne fleire diskusjonar med tida! No er eg heime hos mor på Os, og kampklar. Valkampen tek eg i Hordaland. Sei i frå om du vil vere med på laget!



Ingrid